FRIKAR X audition / Contempor@r halling

Arrangementsinformasjon

Dansekompaniet FRIKAR inviterer til prøvedans 13. og 27. februar, for ein ledig plass i det nasjonale talentutviklingsprogrammet FRIKAR X!

Formen er normal verkstad, og ein kan vera med sjølv om ein ikkje vil prøvedanse. Vil du prøvedanse kan du vera med ein av datoane eller begge. Gratis! 

FRIKAR X er treårig talentutviklingsprogram i samarbeid med Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB, Eckbos Legat og Norsk Tipping. Vi rettar oss mot utdanna, profesjonelle bevegelseskunstnarar, men høgskulestudentar kan også søkje. Send cv til art@frikar.com og kopi til lene@frikar.com med eposttema "Prøvedans". Dei mest aktuelle kandidatane vil bli invitert til runde nr 2 etter verkstadene 13. og 27. februar (du kan vera med ein av datoane eller begge). Talentprogrammet inneheld også litt løna arbeid i produksjonar. 


FRIKAR X og koreograf Hallgrim Hansegård inviterer til ein verkstadserie over tre år med fokus på overføring av kvalitetar frå hallingdansen til samtidsdansen. I starten blir det fokusert på slepp, svikt og snert som tre prinsipp der den norske folkedansen spelar på lag med tyngdekrafta og gjev ein organisk måte å oppnå dynamisk spennvidde på. Verkstadsserien er tenkt som ein dialog med deg som deltakar der du kan prøve ut bevegelsesprinsippa i eige arbeid, og slik påverke arbeidet vårt med Kontempor@r halling. 


Med 'Kontempor@r halling' ynskjer Hansegård å gje noko tilbake til samtidsdansen og fylle eit tomrom som danseutdanningane ikkje tilbyr idag. Verkstadserien er mynta på bevelseskunstnarar, og blir støtta av Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB og Fjelldansen med Oppland fylkeskommune, Valdres natur- og kulturpark og Kulturrådet. 


Påmelding til verkstadene: lene@frikar.com

Pris: gratis

Kriterier: profesjonelle dansekunstnere og dansestudenter ved vgs. og høyere utdanning. 


Workshopen blir arrangert av FRIKAR X, som støttes av Talent Norge, Norsk Tipping, Sparebankstiftelsen DNB og Eckbos legat, i samarbeid med Fjelldansen, regionalt kompetansesenter for dans med sine støttespillere. 


Datoer:

13. februar kl. 18.00-20.00

27. februar kl. 19.00-21.00


sentralen
sentralenscene
eksternbillett